For første gong på meir enn eit tiår utgir Margaret Atwood ei omfattande ny diktsamling. På utsida ser vi nokon som skrumpar inn, men innanfrå, slik det kjennest i hjartet og andedraga og under huda, kor annleis, kor endelaust kor roleg ein del av allting kor stjerneklart mørkt. Siste andedrag. Guddommeleg kanskje. Kanskje lindring. Dei elskande fanga og stengt inne i ei grotte, røyster heva i ein siste svevande duett, til det vesle vokslyset sloknar. Vel, uansett heldt eg handa di og kanskje du heldt mi då steinen eller universet lukka seg omkring deg. Men ikkje meg. Eg er enno på utsida. Canadiske Margaret Atwood (f. 1939) er ein av våre største nolevande forfattarar. Ho har skrive meir enn femti bøker; prosa, poesi, essays. Ho er mest kjent som romanforfattar, sjølv om ho starta som poet på sekstitalet. Kjære vene kom ut i original i 2020 og er den trettande diktsamlinga hennar. Anne Karin Torheim (f. 1953) er forfattar og poet. Kjære vene er hennar tredje gjendikting av Margaret Atwood.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2021-11-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fanfare
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter