«Huset jorda i vatn» er ei vakker diktsamling som på fruktbart vis set tankane, den vesle ånda, i sving hos lesaren (...) I våre dagar verkar Dale sin poesi meir relevant enn nokosinne (...) På ein poetisk vellukka måte inneheld «Huset jorda i vatn» ei fortetta kulturhistorie.

- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Lyset over den raude naustveggen liknar flammar og røyk Eg kviler i kajakken, nær punktet der havet tek fyr Ber om ein elskar å gå over øya med om å få tilbake den lysande lina der hav møter himmel, som ein stige ein dis, å segle inn i bak hendingane Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne. Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden. Huset jorda i vatn er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-11-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
93
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter