"I «Hekla myter» møter vi både einskilde lagnader og generelle førestellingar om livet før i tida. Dikta er som fortetta forteljingar; lettlesne, men med rom for tolking. (...) ein sjarmerande diktdebut. Spesielt er dei siste dikta vakre uttrykk for kommunikasjon og kjærleik på tvers av generasjonane." Merete Røsvik Granlund , Bergens Tidende
Hekla myter er ei gjennomarbeidd diktsamling der dei enkelte dikta går inn i ein overordna idé om å vise fram noko som berre Eli Fossdal Vaage kan vise fram, og da er boka skriven ut frå noko naudsynt, og det naudsynte er motoren i all dikting. Oddmund Hagen, DAG OG TID