Eim utforskar møtet mellom menneska og det materielle, gjennom eit vi som arbeider seg inn i eit gamalt hus for å bygge seg ein heim. Dikta spring ut frå ei tilnærming til snikring som handverk, huset med sine historier og naturen som ein grunnleggjande premiss. Eim er ei bok om å skape gjennom å foredle. Og om trongen til å streve for å finne meining.
**
i møte med ein kvist
kan det bli harde kjevespenn
det luggar i kvisten
det stoggar som i stein
men snakk til kvisten
når du kvesser øksa
og pust med han
når du høgg
Les mer
Produktdetaljer
Publisert
2017-05-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tiden
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
92
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter