Dikta til Lundquist uttrykkjer lengt, smerte og sensualitet, og språket hennar er både klart, friskt og leikent. Dikta krinsar ofte om tema som kjærleik, einsemd og død, og mange av tekstane rører seg over i eit draumeaktig og bilderikt landskap. Utvalet i denne boka er basert på Marie Lundquists tre første bøker, og med denne boka blir Lundquist for første gong presentert på norsk. Utval og gjendikting ved Ruth Lillegraven. Etterord ved Steinar Opstad. Marie Lundquist (f. 1950) fekk stor merksemd for debutboka Jag går runt och samlar in min trädgård för natten (1992) og er blitt ei tydeleg stemme i svensk lyrikk gjennom dei følgjande bøkene. Ho har gitt ut både poesi og prosa, er busett i Stockholm og er også verksam som omsetjar.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017-11-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter