Ungdomstida er kort, intens og plutseleg avgjerande; venskap som blir sitjande i kroppen, erfaringar som ein byggjer vidare på livet ut. Diktboka Eg er Ekko fortel om eit møte mellom Jor og Ekko, som møtes i ei utforsking av det å skape. Men kva skjer når den som opnar avgjerande sider av livet opp for ein, ikkje lenger orkar å leve? Kvart år er det, i Noreg, rundt 650 menneske som tek livet sitt. Kvart år er med dette eit ukjent antal pårørande overlatne til sorg, sinne, flyktige minner og lause trådar – tallause ekko av vi, som var. Margrethe Aas skriv fram eit venskap som navigerer på tvers av liv og død. Arkitektblikket vi kjenner frå tidlegare bøker er med, idet sanseinntrykk og relasjonar blir utforska frå under bord og i dørkarmar, frå steindekket i ei bygate til norske kystlandskap og mongolske vidder. Rom som minner kan navigerer i, og som evnar ramme inn også det som det ikkje finst ord for.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-08-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tiden
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter