"Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid."

- Arne Hugo Stølan, VG

"Tidlegare president i Island, Vigdís Finnbogadóttir, har skrive eit fint føreord; og attdiktar Knut Ødegård har eit informativ etterord og notar der han drøftar ulike tolkingsalternativ og elles gjev naudsynte opplysningar for å letta forståinga. Ødegård har også hatt tilgang til den nyaste, til dels enno upubliserte forskinga på feltet; og hans tolkingsval verkar vel underbygde, medvitne og filologisk etterrettelege."

- Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom. Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon - inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet. Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta. I dette første finn vi Voluspå og Håvamål. Han har før m.a. gjeve ut kritikarroste gjendiktingar av islandske mellomalderkvad som "Lilja" og "Geisli". Som lyrikar er han omsettt til 30 språk. VOLUSPÅ er den synske volvas visjonar av verdssoga, frå skapinga til verdas undergang - men med eit syn om ei ny og harmonisk verd. HÅVAMÅL er Odins tale: Her gjev han råd om mellommenneskeleg samkvem og høvisk framferd, men òg innsyn i den heidne tids mystikk, runekunst og trolldomsdikt. Vigdís Finnbogadóttir siterte ofte frå eddadikta i talane ho heldt som verdas første kvinnelege president: I forordet kjem ho m.a. inn på kvinnas plass både i gudeverda og som kulturformidlar i det førkristne samfunnet: Volva er den som ser og veit, og som åtvarar mot kaos og øydelegging av alt liv.
Les mer
Kommentarar av Knut Ødegård. Forord av Vigdís Finnbogadóttir. Parallell tekst på norrønt og nynorsk
"Knut Ødegårds gjendiktninger av Voluspá og Håvamål er en etterlengtet begivenhet og en sann fryd å lese. Dette er norrøn visdoms -og visjonskunst, språklig modernisert for vår samtid."

Produktdetaljer

ISBN
9788202409562
Publisert
2013-05-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Serie
Vekt
624 gr
Høyde
248 mm
Bredde
155 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
230
Sjanger
Skjønnlitteratur

Oversetter