Kristina Leganger Iversen treffer tidsånda rett i magen ... [E]i mangefasettert innføring i korleis det er å leve i denne spenninga mellom ønsket å bli sett, skam over det ønsket og redsla for konsekvensane ... Det gjennomgåande motivet er blikket, spesielt korleis andres blikk formar måten du ser deg sjølv på. Det er særs aktuelt no som visuell kultur har blitt så dominerande i sosiale medium ... [D]en dialogiske forma er open og fleksibel, gir rom for ei mengd ulike erfaringar ... Erfaringane får fram absurditeten i kva kvinner kan kome ut for ... Også meir kvardagslege erfaringar av feilslått kommunikasjon viser kor ulikt verda kan arte seg for menneske med ulik kjønnsidentitet ... Teksten kan fungere godt som ein samtalestartar om problemstillingane, og det er lett å sjå for seg at han kan setjast opp på ei scene.

- Merete Røsvik, Klassekampen

Aktuelt om mørke straumdrag i tida … kor kvinner blir umenneskeleggjort av reaksjonære krefter, og reine, jomfruelege kvinnekroppar er eit ideal.

- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Kristina Leganger Iversen gir oss et lettlest og effektivt, men også mangefasettert, stykke politisk kunst ... full av humor, varme og grundig innsikt i jenter og kvinners psykologi og sosiale vilkår (...) Uten å rette noen moraliserende pekefinger ... så maner boken til kamp for likestilling og retten til å bestemme over egen kropp. Boken henvender seg like mye til modne kvinner som har lært å iscenesette sin feminitet fra et "jenteblad som kom ut ein gong i månaden", som til de unge som prøver å danne seg en trygg identitet på "ti timer skjermbruk hver dag". Men jeg vil fremheve at gutter og menn har spesielt godt av å lese den.

- Frode Johansen Riopelle, Morgenbladet

Dette minner meg om noko eg opplevde Dette minner meg om noko ei venninne fortalde meg om Dette minner meg om noko eg las Dette minner meg om Munchs Madonna-måleri Dette minner meg om #metoo Er ikkje dette eigentleg den vanlege historia Er ikkje dette eigentleg alle kvinners historie Er dette eigentleg ei historie i det heile tatt Kva får deg til å tru det er noko spesielt med deg Har du eigentleg noko å fortelje om Viss du kunne ha sagt noko, kvifor hadde du sagt noko? Kva er det du vil med det du har å seie?   I denne boka snakkar tre kvinner om opplevingane sine med menn. Samtalane tar oss til eit møte på eit fjordhotell, til ein lunsj med ein teaterregissør, til ei som blir stalka på høglys dag og til ei som kler av seg bak eit kornete webkamera. Felles for dei ulike situasjonane er korleis det mannlege blikket og samfunnet vi lever i på ulike vis bidreg til å forme korleis kvinner ser seg sjølv.
Les mer
Kristina Leganger Iversen treffer tidsånda rett i magen ... [E]i mangefasettert innføring i korleis det er å leve i denne spenninga mellom ønsket å bli sett, skam over det ønsket og redsla for konsekvensane ... Det gjennomgåande motivet er blikket, spesielt korleis andres blikk formar måten du ser deg sjølv på. Det er særs aktuelt no som visuell kultur har blitt så dominerande i sosiale medium ... [D]en dialogiske forma er open og fleksibel, gir rom for ei mengd ulike erfaringar ... Erfaringane får fram absurditeten i kva kvinner kan kome ut for ... Også meir kvardagslege erfaringar av feilslått kommunikasjon viser kor ulikt verda kan arte seg for menneske med ulik kjønnsidentitet ... Teksten kan fungere godt som ein samtalestartar om problemstillingane, og det er lett å sjå for seg at han kan setjast opp på ei scene.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-10-22
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
159
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond