«5480 dagar av livet mitt forsvinn aldri». Dagane det er snakk om, er dei dagane kroppen til dikt-eget var i kamp med seg sjølv, dei dagane spiseforstyrringa styrte tilværet hennar. Dristig og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi; det skambelagde. Men Der vi gøymer løyndommar er meir enn ei sjukdomshistorie. Det er dikt som med stor poetisk kraft og myndigheit tematiserer konfliktar mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Det handlar om kroppen som språk, som kommunikasjon. Det handlar om å arbeide, i ein prosess, til skamma og frykta for å stole på seg sjølv og andre vert mindre. Heilt til dei 5480 dagane er fortid, sjølv om dei aldri forsvinn. Bokmeldarane meiner: "Riises dikt opererer på eit anna nivå enn sjølvutleverande sjukdomsvedkjenningar som dukkar opp i media. Det gjeld ikkje minst på det språklege planet. Det er finstemt, nake, direkte. Linjene er påfallande metaforfattige og frie for sensasjonelle eksessar og overdrivingar, som jo er eit trekk ved lidinga. Språkmedvitet er nærast asketisk regulert. Eit underliggjande trykk og ein skarp desperasjon er likevel høgst merkbart: 'Å endre forteljinga / med kroppen, det som blei sagt / ligg mellom fingrane i halsen.'"Sindre Ekrheim, Bergens Tidende "Innimellom jegets skildringer av kroppshatet lyser det gjennom et ønske om formidling, en vilje til å la språket dra henne tilbake til livet. Der vi gøymer løyndommar er en erkjennelse av kroppen som et rom man aldri kan forlate. Riise lykkes med å la døren stå på gløtt."Agnes Banach, Klassekampen "Riise er ein poet som gjev alt, og dikta er presise, utan longørar eller klisjear."Tore Elias Hoel, Dag og Tid "Der vi gøymer løyndommar speler fiolin på deg, varsamt, med såre strenger som gir gjenklang i ei gløymd sorg. (...) Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!"Hjørdis-Linnea Myhre, Framtida.no]]>
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014-02-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
73
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter