Hardtslåande og mangslungen diktsekvens frå den prisvinnande poeten Terrance Hayes.
Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politiske situasjon. Han trekker også linjene bakover gjennom USAs rasistiske og valdelege historie, samtidig som han koplar på både den klassiske og den moderne litteraturen.
Gjennom 70 sonettar vekslar Hayes mellom knallhard realisme og rørande visjonar, frå blodig alvor til underfundig humor. Innimellom set han fingeren på det vakre i det nesten banale, innimellom blir dikta meir introspektive og krinsar kring forholdet mellom far og son.
Gjendikta frå amerikansk ved Ida Hove Solberg og Sofia Knudsen Estifanos.
Les mer
Etterord av Thomas Prestø
Gjendiktarane har gjort eit solid arbeid med sonettane, og samlinga må lesast av alle som ynskjer å vera oppdaterte på den nyaste amerikanske poesien.
Produktdetaljer
ISBN
9788234006258
Publisert
2022-08-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
185 gr
Høyde
220 mm
Bredde
150 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
82
Forfatter