Korleis påverkar klimaendringane kvardagen til vanlege folk? I Mellom linjene tar Gunnar Garfors lesaren med på ei makelaus reise langs ekvator og dei to polarsirklane for å finne svar. Vi får bli med på lasteskip ned Kongoelva, med toget gjennom Sibir og i beltebil over den antarktiske isen, og får eit sjeldan innblikk i dagleglivet til folk vi elles aldri ville ha møtt.Gjennom gripande forteljingar, personlege menneskemøte og naturskildringar får vi ein statusrapport frå ei kokande verd. Vi får vite korleis klimaet i endring påverkar livet til fiskarar, bønder, byfolk og urfolk – frå regnskogen i Amazonas til isøydet på Grønland.Med ei unik evne til å kome i kontakt med vanlege folk og skarpe observasjonar har Gunnar Garfors fått skrive ei reiseskildring som både er underhaldande, engasjerande og augeopnande.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788279593911
Publisert
2025
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
367
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter
Bilder av