Sandberg skriver levende og personlig, og «Det året eg vakna» skjerper leserens blikk for hvordan klimakrisen sniker seg inn i hverdagen og endrer livene våre.

- Marius Wulfsberg, Dagbladet

Sigri Sandberg skriver nært om egen angst for klimaendringene ... Hun beskriver svært godt hvordan angsten for hva som skjer med verden gjør at hun knapt klarer å bevege seg

- Varg Lukas Folkman, Dagens Næringsliv

Vi skal være glade for at vi har essayister som Sandberg til å prøve å binde sammen fakta og følelser i klimadebatten.

- Ingrid Eskild, Klassekampen

Om naturtap og klimaangstSigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå er ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor.Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? Det prøver denne boka å svare på.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234015083
Publisert
2025-01-20
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
312 gr
Høyde
195 mm
Bredde
135 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
181
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter