Numeriske metodar og berekningar er ein viktig del av
ingeniørmatematikk, men for mange kan det å komme i gang med
numerisk problemløysing kjennast utfordrande – spesielt om du har
lite erfaring med programmering. I Praktisk introduksjon til numeriske
metodar blir du leidd steg for steg gjennom numerisk problemløysing,
med Python som kodeverktøy. Metodane blir introduserte gjennom enkle
oppgåver som er tilpassa for å gi deg ei klar forståing av korleis
teori og praksis heng saman. Mot slutten av boka får du høve til å
bruke desse teknikkane for å løyse meir samansette problem. Boka er
full av praktiske oppgåver med grundige løysingsforslag som gir deg
solid erfaring med metodane. Boka er utvikla i tett samband med
undervising, og er eit nyttig verktøy for deg som vil lære numeriske
metodar på ein praktisk og tilgjengeleg måte.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245053494
Publisert
2024
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok