"Med boka Underdeilig! har Markhus levert eit oppslagsverk som alle som vil orientera seg i Hardanger si reiselivssoge må ha og lesa, men òg ei samling gode forteljingar, episodar og skildringar som gjev verket ein litterær eigenverdi."

- Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland

"En aldeles fortryllende reiselivshistorie er hva Knut Markhus her har begått. Han kan sin historie, sitt Hardanger og regionens reiselivssoge. Det er et meget lesverdig verk, som dokumenterer 200 års historie og utvikling av turisme og reiseliv, og setter det i perspektiv til dagens utfordringer. Det er godt, særdeles velskrevet og med et billed- og illustrasjonstilfang som gjør 200 års reiselivshistorie til en sann fornøyelse å ta inn."

- Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Henrik Wergeland kalla Hardanger «underdeilig», og det prøver området framleis å leva opp til. Denne boka er ei vandring gjennom 200 år med reiseliv i Hardanger. Frå Edward Price som oppsøkte dei innfødde i 1820-åra. «Eg vart introdusert som engelskmann, og kvar og ein reiste seg frå stolen.» Til keisar Wilhelm som kom hit 23 gonger. «Eg vert dregen av magiske trådar til dette folket.» Oppturar, nedturar, skamros, kritikk. «Det er motbydeleg å sjå slik som våre landsfolk smyg og kryp fyr dei reisande.» Ei vandring i fruktblomstring, til fossane og fonna, og fram på kanten av Trolltunga. Rikt illustrert med maleri, teikningar og foto.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788290913101
Publisert
2020-05-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kraftmuseet
Vekt
1066 gr
Høyde
267 mm
Bredde
203 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
247
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter