Torolv Solheim (1907-1995) var ein av grunnleggjarane av Sosialistisk Folkeparti (seinare SV), og partileiar 1969-1971. Men Solheim var så mykje meir: motstandsmann, skulemann og målmann, kulturradikalar, NATO-motstandar og distriktsforkjempar, stril, redaktør og åndhøvding. Solheim var fødd og oppvaksen på Radøy i Nordhordland, og budde gjennom livet både i Oslo, Bergen, Stongfjorden, Risør og Brevik. Under krigen dreiv han illegalt motstandsarbeid i Nordhordland. Etter krigen arbeidde han for samvirketiltak i fiskerinæringa, var direktør for eit skipsverft, redaktør av tidsskriftet Fossegrimen og lærar på realskule og gymnas. Politisk var han innom NKP og Arbeidarpartiet, før han vart partistiftar og partileiar i SF. I 1952 - midt under den kaldaste krigen - mens han var direktør for Stongfjordanleggene i Sunnfjord, reiste han ein tur til Moskva. Dette fekk store følgjer både for bygda Stongfjorden og Torolv Solheim med familie. Denne boka fortel historia om Torolv Solheim, ein fargerik, engasjert og meiningssterk deltakar i norsk politikk og samfunnsliv på 1900-talet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401746
Publisert
2021-11-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Høyde
232 mm
Bredde
158 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
208
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter