Korleis kan ein hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole? Fleire vegar mot mål har som si grunnhaldning at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte. Fleire vegar mot mål er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst ei mengd forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Forslaga er vitskapleg forankra, og boka gir òg innsikt i noko av det teoretiske grunnlaget i ein eigen teoridel. Kombinasjonen av teori og praksis gjer boka veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar. Dei praktisk retta kapitla er òg tenkt som hjelp, nytte og inspirasjon for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole. Boka inneheld blant anna: praktiske lærings- og undervisningsopplegg oversyn over moglege hjelpemiddel definisjonar av lese- og skrivevanskar innføring i læringsteoriar eksempelhistorier frå skolar og forskingsprosjekt
Les mer
Forfattarane av boka viser at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte. Boka er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Boka er veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar, samt for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole. Med litteraturliste og register.
Les mer
«Boken hører naturlig hjemme på lærerbibliotek og rådgiverkontor, og vil, gjennom sin fyldige teoridel, også kunne tjene som lærebok ved ulike pedagogiske læresteder.»

Produktdetaljer

ISBN
9788202269913
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
339 gr
Høyde
210 mm
Bredde
148 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
233