Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving. Berre på leik gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom dramafaget og barns leik, tema for tema. Forfattaren viser korleis barn har ei spontan forståing for dei grunnleggande elementa i drama, sjølv utan det vaksne fagspråket. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Å stimulere barna si eiga skaparevne og la dei oppleve kunst på sine eigne premissar er eit gjennomgåande tema, heile tida fagleg forankra i pedagogikk og teatervitskap. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.LIV ANNE FOSSBRÅTEN (f. 1952) er førstelektor ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i drama og munnleg kommunikasjon. Ho er utdanna lærar, skodespelar og teatervitar med hovudfag i teatervitskap. Ho har brei erfaring frå barnehage, barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole og var kunstnarisk leiar ved Teaterskolen for Barn og Ungdom i Halden.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234008269
Publisert
2025-01-29
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
330 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Sjanger
Faglitteratur