Skjeldal har skrive ei høgst lesverdig bok om storavisa på Vestlandet.
- Geir Geitle, Hordaland
Skjeldal har levert eit imponerande idéhistoriske arbeidsstykke om denne urbergenske avisa, som burde interessera alle slags bladfykar. Og ein og annan børshai.
- Arild Pedersen, Dag og Tid
Ifølge Gudmund Skjeldals velskrevne og nesten lyriske nynorsktekst har avisa hatt to bærende ideer: Venstre og Vestlandet.
- Gudleiv Forr, Dagbladet
Gudmund Skjeldal har gjort eit solid arbeid med å dokumentere Bergens Tidende si historie.
- Tarjei Gilje, Dagen
Bergens Tidende har vore med å skapa førestillinga om Vestlandet. Avisa blei til i heftig trass mot eit annonsemonopol i 1860-åra, og er ei unik koping av by og bygd, av bokmål og nynorsk. Avisa har nesten alltid vore den største utanfor hovudstaden Oslo. Også det moderne mediehuset BT har forstått seg sjølv i lys av, og i skuggen av, den lagnaden. «Vestover» er idéhistoria om Bergens Tidende – som fyller 150 år i 2018.