Etter å ha lest denne boken vil jeg på det varmeste anbefale at også andre vernepleiere (og fagpersoner i helse- og omsorgstjenesten) leser denne boken.

- Rolf Magnus Grung, Vernepleier

Korleis kan ein vere sikker på at ein handlar riktig i vanskelege situasjonar i profesjonelt arbeid? Kva hjelp får ein frå reglar og retningsliner, og kor mykje bør ein bruke eige skjønn når ein kjem i tvil om rett handling? Denne boka handlar om korleis profesjonsutøvarar kan reflektere i utfordrande situasjonar for å handle rett og godt - slik at publikum får tillit til profesjonen og den profesjonelle bevarer sjølvrespekten. Boka drøfter særskilte forventningar og krav til profesjonsetikken, og viser kva det vil seie å identifisere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i profesjonelt arbeid. Det blir gjort greie for nøkkelomgrep som opne og skjulte verdiar, normer, etikk og moral, og lesaren får ei innføring i sentrale etiske teoriar: dygdsetikk, pliktetikk, konsekvensetikk, diskursetikk og relasjonsetikk. Avslutningsvis blir etiske refleksjonsmodellar presenterte. For personar som har med andre menneske å gjere i arbeidet sitt, vil boka kunne gi både eit solid teoretisk grunnlag for refleksjon og vere ei praktisk handbok til hjelp i møte med profesjonsetiske utfordringar. Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Les mer
Etter å ha lest denne boken vil jeg på det varmeste anbefale at også andre vernepleiere (og fagpersoner i helse- og omsorgstjenesten) leser denne boken.

Produktdetaljer

ISBN
9788252197709
Publisert
2018-08-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
206 gr
Høyde
218 mm
Bredde
147 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
109
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør