Mange barn er utsette for og lever med omsorgssvikt, vald og seksuelle
overgrep, men blir svikta av dei som møter dei i deira kvardag
utanfor heimen. Dei fleste som arbeider med barn i skule, barnehage,
organisasjonar eller institusjonar, har opplevd at dei undrar seg over
noko barn har sagt eller gjort. Undringa kan ha komme som eit lite
blaff eller vere ei kronisk kjensle av ubehag, uro og bekymring. Men
kva gjer ein med ei slik bekymring? Mange manglar den kompetansen og
det motet som skal til for å hjelpe barnet. Denne boka er meint å gi
kunnskap og hjelperåder. Det er lagt vekt på handlingskompetanse,
det vil seie å gi oversikt over reglar og døme på god praksis. Det
handlar til dømes om korleis ein kan auke sensitiviteten sin overfor
barna, om korleis ein skal involvere kollegaer og leiing, og om
samtalemetodiske grep i møte med barna og foreldra. Det blir òg gitt
ei oppdatert innføring i ny kunnskap om konsekvensane av
omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Boka er relevant for alle
som jobbar med barn og unge eller som utdannar seg til slike yrke.
Inge Nordhaug er klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og er
tilsett ved RVTS Vest. Han arbeider til dagleg med alvorleg
omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Han har i mange år
undervist i temaet for lærarar i barnehage og skule og på
universitet og høgskular.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245029017
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter