Konkurransefridom i næringslivet og mobilitet for arbeidstakarar på
arbeidsmarknaden er verdiar som står sterkt i det norske samfunnet.
Konkurransefridomen må likevel underleggast visse grenser i vel
fungerande samfunn. Konkurranserestriksjonar i arbeids- og
næringsforhold gir ei grundig og samlande framstilling av ulike typar
avtalebaserte innskrenkingar i konkurransefridomen, både i avtalar
mellom arbeidsgivar og arbeidstakar og i avtalar mellom
næringsdrivande. Etter ein introduksjon til emnet i del I går boka i
del II grundig inn på konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular
i arbeidsforhold, bindingstid i arbeidsforhold og reglane om karantene
for politikarar, embets- og tenestemenn. Del III drøftar
konkurranserestriksjonar i næringsforhold. Sentrale tema er
avtalelova § 38, konkurranserestriksjonar i selskaps- og
agenturforhold, konfidensialitets- og teiepliktklausular samt
næringsservituttar og liknande klausular. Del IV omhandlar
konkurranseklausular i konkurranseretten relatert til
føretakssamanslutningar, horisontale og vertikale avtaler. Del V gir
eit oversyn over reglar om handheving av og sanksjonar mot brot på
ulike konkurranseklausular. Dette omfattar mellom anna reglar om
bevissikring og bevisføring, arbeidsrettslege sanksjonar, forbod og
mellombels åtgjerd samt monetære sanksjonar som avtalt
konvensjonalbot, erstatning og krav om frålegging av vinning.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205506398
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter