Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov. Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1.Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.]]>
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2016

Produktdetaljer

Publisert
2019-11-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
464
Sjanger
Faglitteratur