Internasjonaliseringa av alle samfunnsområde har aktualisert spørsmålet om kultur. Retten er ikkje noko unnatak verken når det gjeld internasjonalisering eller når det gjeld ei aukande interesse for det kulturelle grunnlaget for gjeldande rett, metode og rettsforståing. Den norske rettskulturen er ei samansett eining og forma i møtet mellom rettsfilosofi og allmenn rettsforståing, mellom lov og sedvane, og mellom Høgsterettspraksis og allmenn praksis. Avhandlingane, artiklane og essaya i Den juridiske komedien reflekterer denne mangefasetterte skapingsprosessen gjennom å handsama tema som ein rettskultur sin karakter, rett som førestilling og iscenesetjing, internasjonaliseringa av retten, normskaping, metode, sekularisering, nasjonalisering og profesjonalisering. Slik kan antologien vonleg opna opp for nye perspektiv både på historia, på retten i samfunnet i dag, og på kultur. Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved Museet Baroniet Rosendal.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245000917
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
626 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
326
Sjanger
Faglitteratur