Årets bok frå Tor Erik Jenstad er historias første trønderske ordbok med slanguttrykk. Slang ("slæng") er bevisste stilistiske avvik frå normalspråket i ord og uttrykk, og som ikkje har direkte med dialekt eller fagsjargong å gjera. Slangen er uttrykk for humor og kreativitet, og er langt frå berre eit storbyfenomen, slik enkelte har hevda. Likevel er Trondheims-slangen rikt representert i boka. Ungar har også sine slanguttrykk. Dette er lite kartlagt, men her blir i alle fall den trønderske klinkekule-terminologien presentert. Uansett er slang "snedig å koinn", akkurat som parløren med dette namnet frå 2010.
Jenstad har skrive ein artikkel om slang for nettleksikonet Allkunne og eit kapittel om nordisk slang i verket The Nordic Languages.
Tor Erik Jenstad, f. 1956, er språkforskar og medredaktør på Norsk Ordbok 2014 og Det Norske Akademis Store Ordbok. Frå 1992 til 2015 var han «ekspertkommentator» på radioprogrammet «Dialektmagasinet» («Sei det») på NRK Trøndelag, og han svarar jamt på dialektspørsmål i Språkteigen. Han har tidlegare gitt ut bøkene «Ka sa du?», «Vaddesålekt, din jehuk», «Snedig å koinn trøndersk», «Din hånstaur!», «Rappkjefta trønder» og «Såson e trøndern» på Embla Forlag. Kurt Hanssens unike strek krydrar også denne boka.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788283820027
Publisert
2017-11-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Embla
Høyde
247 mm
Bredde
175 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175
Forfatter
Illustratør