LEVD LIV fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde vi? Kva levde vi av? LEVD LIV skildrar fortida så levande at vi blir dregne inn i soga. Vi luktar røyken i dei gamle stovene. Vi kjenner slitet til bonden som arbeidde i dei bratte fjellsidene. Vi lever oss inn i budeia si tru på huldra, og vi høyrer husmusikken til dei kondisjonerte. Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregshistorie, sett med sogningane sine auge. Forfattarane og fotografen har gjennom ord og bilete pusta liv i dei gamle husa på De Heibergske Samlinger, folkemuseet som i 2009 feira 100-årsjubileum. Historia til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er skildra bak i boka. Her ser vi den store innsatsen til eldsjelene som har teke vare på fortida vår, slik at vi kan ta ho med oss inn i framtida. Levd liv er vår eiga historie, levande fortald!
Les mer
Boka fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Boka skildrar også historia til De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum. Folkemuseet feira 100-årsjubileum i 2009. Har litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279591320
Publisert
2009-10-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1595 gr
Høyde
267 mm
Bredde
243 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
333

Illustratør