En bok som blir sett på som et viktig bidrag til Norges polarhistorie. Nye Troms

I denne boka er det kunnskap om farane i isen som blir formidla, og det er fangstfolka sjølve som fortel. Framstillinga er basert på eit omfattande og grundig arbeid med å dokumentere historia til dei som hadde ishavet som arbeidsplass frå om lag 1900 og heilt fram til i dag. Forfattaren tek utgangspunkt i eigne kunnskapar om emnet, men like sentralt står dei mange personlege vitnesbyrda frå ei mengd tidlegare selfangarar. Frå ulike tidsepokar og havområde gjev dei oss innblikk i kva dramatikk og farar fangstinga kunne innebere. Her er historier frå Newfoundland, Danskestretet, Vesterisen, Austisen, Kvitsjøen, Nordisen og Svalbardområdet. «Ishavsfolk si erfaring» er eit viktig bidrag til Noregs polarhistorie. Boka gjev eit godt innblikk i livet til ishavsfolket som kjempa mot den farefulle isen, men også om livet om bord, dei gode turane, og også dei muntre historiene. Johannes Alme seier at «Ishavsfolk si erfaring» vart eit resultat av forskings-prosjektet PetroArctic ved professor Sveinung Løset ved NTNU og professor Ove Tobias Gudmestad ved UNS. Kunnskapen som vert formidla i «Ishavsfolk si erfaring» er tidlaus og gir lesaren ei god innføring i utfordringane ishavsfolket møtte på fangstfelta.
Les mer
Innleiing av Webjørn Landmark

Produktdetaljer

ISBN
9788291003078
Publisert
2017-09-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Ishavsmuseet Aarvak
Vekt
1234 gr
Høyde
276 mm
Bredde
217 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
271
Orginaltittel
Ishavsfolk si erfaring
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter