Ein kunne ha fine dagar på fangst i isøydet, men oftast var det ein kamp mot naturkreftene der vêrgudane kunne vere nådelause. I denne boka er samla Ishavshistorier frå fangst og forlis gjennom heile 1900-talet. Du kan lese om selfangst på alle fangstfelta, historier frå Svalbard og om overvintringsfangst på Nordaust-Grønland. Boka fortel om den store katastrofepåska i Vesterisen i 1917 og påskeorkanen i 1952 der til saman 12 skuter med 167 menn kom vekk. Etter dei dramatiske forlisa i 1952 der fem skuter frå Troms og Møre kom vekk vart det ikkje funne spor etter skutene, før i 2023 då ein Islandsk trålar fann vraket av ei ishavsskute. Dette synte seg å vere tromsøskuta «Brattind». Dette kan du lese meir om i denne boka. Du kan også lese om korleis det gjekk føre seg når Gratangskuta «Asbjørn» forliste i 1970.Vidare kan ein lese om mannskapet som forliste to gongar på same turen då først «Polarbjørn» og seinare «Herøyfjord» som tok med «Polarbjørn» mannskapet heim, gjekk ned. Du kan også lese frå den spede starten av det norske oljeeventyr der fleire av dei små treskutene vart nytta som stand by skip og til dykkeroppdrag.Du får også eit møte med pionerane som bygde opp byen som i dag har namnet Ny-Ålesund.Boka tek deg også med på ekspedisjonar til bade Arktis og Antarktis.Dramatikken kjem tett i denne boka som tek for seg mange forlis, men som også gjev eit godt innblikk i Norsk fangst-historie.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788291003122
Publisert
2024-12-03
Utgiver
Vendor
Ishavsmuseet Aarvak
Vekt
1583 gr
Høyde
305 mm
Bredde
215 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
327
Sjanger
Faglitteratur
Redaktør