HISTORIA OM FØRDE er eit bokverk om kommunen og byen som er tyngdepunktet i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 (kjem i 2024) byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar. Dette første bindet, FØRDE - FRÅ BYGD TIL BY 1500-2020, fortel historia om ei tradisjonell jordbruksbygd, som lenge endra seg sakte, under styring av embetsmenn. Så, på få tiår, skifta både tettstaden og grendene ham. Nye arbeidsplassar kom til. Mellom 1960 og 2020 vart folketalet i kommunen firedobla, i sentrum tidobla. Førde-samfunnet vart ein smeltedigel, der den typiske førdianar var ein innflyttar. Kva skjedde med Førde i desse åra, og korleis kunne det skje, særleg i eit lite urbant fylke som Sogn og Fjordane? Viktige stikkord er sentral geografisk plassering, vedtaket om vekstsenter, industrisatsing og bygging av Sentralsjukehuset. Men veksten i Førde er også eit resultat av allsidig satsing på kultur, trivsel og gode bu- og oppvekstvilkår, med Førdehuset som ein viktig møtestad.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401876
Publisert
2023-11-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
2000 gr
Høyde
260 mm
Bredde
240 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
375