Lenge kunne du sove deg fram til Bergen . anten du kom med båt frå Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn, frå Hardanger, Sunnhordland eller Rogaland. Nattruteskipa batt saman Vestlandet frå Stavanger og Sandnes i sør, til Måløy og Stryn i nord.
Denne boka fortel historia om båtane, rutene og ei tid som er forbi. Frå dampskip på 1800-talet til formfullenda motorskip bygde på 1960-talet. Hausten 1991 la det aller siste nattruteskipet til kai i Bergen.
Boka har eigne kapittel om dei tre siste lokale nattruteskipa i landet: «Kommandøren», i åra 1962-1988, «Hardangerfjord» (seinare «Firda»), 1959-1989, og «Nordfjord I», 1963-1991.
Dette var fartøy som førte både passasjerar, bilar, post og last til og frå byen. Tidlegare mannskap fortel om livet om bord på fjord og kyst, i stille og storm. Vi følger fartøya vidare som ruteskip i Karibia og som cruiseskip på Svalbard og i Adriatarhavet. Boka er rikt illustrert med foto og teikningar.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788282401821
Publisert
2022-11-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144
Forfatter