FJELL- OG STØLSLIV I HOL Det meste, av Hol, over 90 %, ligg høgare enn 900 moh og mykje av lendet over skoggrensa. I tida frå isen over Norge smelta, 10 000 år sidan i dette området, og fram til vår tid har to soner vore spesielt viktige for busetnad og liv i landet vårt, kystsona med overgang mellom hav og land og sona med overgang mellom skogs- og fjell-landskap. I desse sonene kunne villdyr og folk dra nytte av begge landskapstypane. Boka fortel om heile denne historia. Ho er difor ikkje berre lokalhistorie, men også norsk historie og globalhistorie. For levekåra for småkårsfolk og utkantfolk er ikkje så ulike i ulike samfunn. Det handlar om å overleve med å nytte så godt som råd dei ressursane som er tilgjengelege og med det teknologiske nivået som er tilgjengeleg. Eit kjenneteikn ved bygder av dette slaget er at naturressursar finst i rikt monn, men utnytting av desse krev så stor arbeidsinnsats at det berre unntaksvis er råd å leggje under seg mykje eigedom og leve av andre sitt arbeid. Adelskap, storbønder, nessekongar og skogbaronar høyrer mest andre stader til. For dei fleste handla ikkje arbeidslivet fram til førre hundreår om å spesialisere seg i heiltidsyrke, men om å dra nytte av heile spektret av naturressursar, vere litt jeger, litt fiskar, litt sankar, etter kvart litt plantedyrkar og husdyrhaldar, litt jernutvinnar og fangstmann eller -kvinne og driftehandlar og etter kvart turistvert. Det handla om å vere universalist framfor spesialist. Det spesielle med denne nordlege og høgtliggjande delen av verda er skilnaden mellom sommar og vinter. Det er somrar med rik plantevekst og næring for folk og dyr, og vintrar med hardt og kaldt klima, med husdyr i hus og med lagra dyrefôr. Avgjerande var å finne måtar å overleve vintrane på. Blant dei store framstega var jernutvinning frå myrmalm, det var hesten med sele og jernskor, som ulikt storfe kunne brukast effektivt både som ride- og trekkdyr, og det var primkjelen av jern eller kopar. Det gjorde at mjølka produsert på næringsrikt sommarbeite kunne omdannast frå lite haldbar til langtidskonservert vare, slik at ikkje berre smør og ost, men også mysa i mjølka kunne kokast inn til prim. Det var ei totalutnytting av mjølka og husdyra, men også av vaksne og barn sin arbeidsinnsats. Ein stor del av boka handlar om stølslivet og om budeier og gjetarungar på heim- og langstølar. Budeiene, stølskjerringane, var dei som produserte varene som gav pengar og kunne omsetjast i skattar, tobakk, vindaugsglas, kaffi og dei få andre varene som vart kjøpte inn utanfrå. I bygder med annan natur leigde folk gjerne ungjenter, til å vere på stølen, men her var sommarproduksjonen og kvaliteten på stølsvarene så viktig at det så å seie alltid var gardkona som var stølskjerring. Med dette hadde kvinnene ei sentral rolle i landbruket. Dei ikkje berre fødde og oppfostra ungar, heldt hus i stand og mjølka og stelte dyra, dei skaffa stordelen av dei pengane familien trong. Boka tek for seg jakt, fiske, tidleg landbruk, jernvinne, reinfangst, utmarksslått, mosehenting, fôrkøyring, heimstølar, langstølar, gjeting, budeielag, rovdyr, brems og klegg, haugafolk, fast busette i fjellet, driftehandel, tamreinhald, turistnæring, hyttebygging, Arne Næss, ein åtteårig prins Harald som reid på bukken Abraham, kraftutbygging, motstandsarbeid i krigsåra, nasjonalpark og landskapsvernområde. Boka har 350 store sider og over 300 illustrasjonar. Hol har hatt mange dyktige fotografar og teke godt vare på bileta. Forfattar Olav Randen er utdanna sosiolog, men har det meste av vaksenlivet vore småbrukar i grannekommunen til Hol.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788291871424
Publisert
2023-11-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Boksmia forlag
Vekt
1500 gr
Høyde
280 mm
Bredde
220 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
350

Forfatter