Nærare byen, det sjuande bandet i serien Fjell bygdebok, tek for seg samfunnsutviklinga i Fjell i perioden frå 1910 til 2019. I denne perioden gjekk levekåra og folke.kulturen i Fjell gjennom enorme endringar. Tidleg på 1900-talet levde fjellsokningar flest framleis som fiskarbønder, men utbygging av industri og moderne kommunikasjonar gav nye impulsar som omskapte gardar og grender på øyane vest for Bergen. Fjell-samfunnet har i mange hundreår vore prega av naboskapen til Vestlandets største by, men på 1900- og 2000-talet rykte bysamfunnet nærare på mange vis. Den store utbygginga av Fjell festning i krigsåra kom som følgje av okkupasjonsmakta sitt behov for å beskytta byen militært. Med opninga av Sotrabrua i 1971 vart Fjell ein del av bu- og arbeidsmarknaden i Stor-Bergen, samtidig som oljealderen gav nye arbeidsplassar på Sotra. Folketalet, særleg nærast brua, auka dramatisk. På Straume, som tidlegare var ei lita grend, voks det fram eit urbant sentrum med kjøpesenter og .bustadblokker. Nærleiken til Bergen har sett sine spor i Fjell-historia gjennom dei siste 110 åra, men også nasjonale og internasjonale straumdrag har gjort seg gjeldande. I denne boka vil vi prøva å få fram dei store linjene, samtidig som vi skildrar liv og lagnad til enkelt.menneske.
Les mer
Over tittelen: Nærare byen

Produktdetaljer

ISBN
9788284030852
Publisert
2020-11-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bodoni Forlag
Vekt
1840 gr
Høyde
247 mm
Bredde
180 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
692