Til alle tider har Filefjell vore eit sentralt bindeledd mellom aust og vest - for folk, fuglar, dyr og planter. Tidlege kartleggarar meinte naturtilhøva på Filefjell kunne forklare viktige forskjellar i kulturen mellom aust og vest, og vasskiljet på «Fillefjeldene» blei brukt til å dele det sørlege Noreg i to. Filefjell blei sjølve symbolet på skiljet mellom aust og vest. Boka viser korleis kartlegginga av Filefjell inngjekk som ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet. Den viser også korleis kunstnarar som J.C. Dahl og andre brukte Filefjell som ikon for den nye nasjonen, og korleis dette også var ein del av visjonen for dei første naturforskarane og fotografane som besøkte Filefjell.
Naturen på Filefjell inneheld både austlege og vestlege biogeografiske element, men er i stor grad også påverka av folks bruk av areal, skog og andre ressursar i dette sentrale fjellområdet. Boka kastar lys over korleis klimaendring påverkar planter og fjellskog i dag, og korleis dei endringane som går føre seg, også kan sporast tilbake til stølsdrift og menneskeleg aktivitet. Den fortel også om turar og turmål, både når dagane og nettene blir lange. Bli med inn...
Les mer
«Kunnskapen vil bli betydelig oppjustert. I denne boken får vi vite det meste. Om geologi, botanikk, dyreliv, fugleliv i fortid og nåtid, historier om folk, om oppdagelsesreisene, om faunakriminalitet begått av sprø samlere fra England på 18 hundre tallet, om soldater, troppeforflytninger og de første kartene som ble lagt om området. Det er vel knapt noe mindre enn en filefjell-bibel Anders Lundberg har skrevet. […] Boken spenner over mange tema knyttet til Filefjell, solid faglig behandlet, og med svært mange gode bilder, både artsbilder og stemningsbilder fra fjellet. […] Herved anbefales «Filefjell Natur, folk og landskap» til alle natur og fotointeresserte – enten de har et forhold til Filefjell eller ikke. Løp og kjøp!»
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788282654821
Publisert
2019-07-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers forl.
Vekt
1410 gr
Høyde
269 mm
Bredde
250 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
317
Forfatter