Gjennom mange år har Oddgeir Bruaset lagt ut på tur for å vitje desse menneska. Resultatet har vi sett på TV og i bøker - begge delar store suksessar. Bruaset og fotograf Tor Sivertstøl viser oss stadene, husa og naturen. Hovudpersonane får sleppe til i full monn, forfattaren let dei fortelje frittom fortida si, om kvardagslivet, om vala dei har gjort, og om tankane og draumane sine. Å bli kjend med desse staute og spennande personane og staden dei bur på, og å bli teken med på denne ferda av ein forfattar med ei heilt unik formidlingsevne, gjev store og sterke lesaropplevingar.Den tredje boka basert på NRK-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" omtalar i tekst og bilete 12 stader i Noreg - frå innlandet, fjellet og kysten - stader Bruaset og fotografen har vitja dei siste tre åra. Alle landsdelar er dekte. Her får lesaren meir utfyllande og annleis historier om staden og menneska enn det som kjem fram i eit halvtimes TV-program. Lengst bak i boka gjev Oddgeir Bruaset eit tilbakeblikk på alle dei 60 stadene NRK har synt sidan prosjektet byrja i 2002. Kva har hendt sidan sist, og korleis har det gått med menneska forfattaren møtte der?Denne boka har større skrift som gjer det betre å lese og kart med kortfatta opplysning om kvarvi er, kven som bur der, og kva dei driv med.]]>
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788203239151
Publisert
2012-08-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
1379 gr
Høyde
309 mm
Bredde
228 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
239
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter
Illustratør