«Eit ti år gammalt verk om fjellheimen er gitt ut på nytt. Det står seg godt, og har fått ny aktuallitet. [...] for dei som vil forstå nordmenns forhold til fjellet, er Rune Slagstads arbeid frå 2008 eit standardverk. Eit pluss er også at boka er rikt illustrert med mange klassiske maleri, teikningar og foto.»
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
«Det er interessant og artig å fylgja den allsidige professor Rune Slagstad i hans 'opning' av fjellet. [...] Det har vore mange diskusjonar knytt til opninga av fjellheimen – om masseturisme i fjell, om fjellklatring og jakt. Alt er med her, og den som har interesse for den norske fjellheimen, har i denne boka ei gullgruve.»
- Johannes Kleppa, Dagen
«Ei stor og innhaldsrik forteljing om korleis dei nasjonale strategane gjorde fjellheimen til vår eigen. […] Dette lagar Slagstad ei forvitneleg forteljing om – der embetsmannstatens nasjonalisme og samspelet mellom nasjonalisme og romantikk er drivkrefter. […] Slagstads store forteljing er full av små interessante forteljingar som viser kor mykje han veit om – og kjenner seg heime i – stoffet, og særleg om embetsmannstaten.»
- Arild Pedersen, Dag og Tid