Austegdelaget har betydd mykje for dei som har vore så heldige å få vere med, for Arendal og for distriktet. På det meste kom 250 deltakarar på folkedanskurs på ein kveld! Austegdelaget barneleikarring i 1962, og på 1950-talet var det store teatersuksessar. I fleire år før og etter andre verdskrigen var laget fast vertskap for fest for fylkestinget. I heile 28 år, frå 1935 til 1963, var det både kaffistove og bondeheim på Torvet. Under krigen hadde laget folkedanskurs, med dans som motstandsarbeid. I tillegg var fleire av medlemmene aktive i illegalt arbeid. Få har som Austegdelaget sett farge på folketoga 17. mai. Innanlands og utanlands har leikarringen i mange år vore blant Arendals fremste ambassadørar. Laget har vore viktig for Åmli-bunaden. Og da Kjæmpestaden blei starta i 2005, stod Austegdelaget klare i ballkjoler og pene dressar, og imponerte med stildans. Det ligg ein grunntanke i heile dette arbeidet: Eit menneske er ikkje berre kva det er født til å vere, men kva det veks seg til å bli.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788269210057
Publisert
2020-10-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Austegdelaget
Vekt
927 gr
Høyde
245 mm
Bredde
178 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
240
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter