Hovuddrag i norsk språkhistorie tek for seg den indre og den ytre
språkhistoria. Den indre språkhistoria er strukturell den beskriv
utviklinga av den moderne språkstrukturen frå det urnordiske stadiet
over det norrøne til det moderne. Det er talemålet som her står i
fokus. Hovudvekta ligg på den fonologiske utviklinga frå norrønt
til i dag, men også morfologiske og syntaktiske trekk blir drøfta.
Den ytre språkhistoria legg hovudvekta på utviklinga av dei moderne
norske skriftnormalane og den spesielle språksituasjonen vår frå
runene til den aller siste tida. Boka går djupare inn på sentrale
emne i normeringshistoria vår: språkreformene, Ivar Aasen og
målreisinga, Knud Knudsen og fornorskinga, det ideologiske grunnlaget
for tilnærmingspolitikken og reaksjonane mot den. Arne Torp er
pensjonert professor, tidlegare tilsett ved Institutt for lingvistiske
og nordiske studium, Universitetet i Oslo.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205529014
Publisert
2021
Utgave
4. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter