Tilfeldig? Slik kan det verke! Ein vinterdag i 2017 blei eit bord dekt av eit tjukt lag rein, kvit nysnø, - ein ypparleg damaskduk for ein skatemiddag i fjøra! Audbjørg sette bildet inn på Facebook, og det blei lagt merke til av Olla. Etter eit møte på hotell Seilet i Molde nokre dagar seinare kom eit samarbeid i stand, og bokprosjektet Utandørs i nordvest var eit faktum! Kom og bli med oss på ei reise utandørs i nordvest! I denne boka vil de sjå ulike stader til ulike årstider i Møre og Romsdal. For oss har det vore eit eventyr å dra ut i alle årets tolv månader, sommar som vinter. Det er inspirerande å møte menneske med ulike kulturutøvingar og å sjå det som særpregar fylket vårt ved kyst, langs fjord og på fjell. Vi har følt årstidene på kroppen i vind og vêr eller på solblanke dagar med varme og stille. For eit fylke vi har! Vårt håp er at mange, mange vil kose seg med å bla i denne boka fylt av foto og små tekstar, kanskje få lyst til å prøve dei enkle matrettane vi har kost oss med på desse utfluktene våre, og ikkje minst, bli inspirert til å vere utandørs i all slags vêr.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269094152
Publisert
2018-10-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Olla forl.
Vekt
639 gr
Høyde
240 mm
Bredde
215 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
175