I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng. I vår kjem den populære turistboka ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten. I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.
Les mer
Feil ISBN i kolofon: 82-7959-229-7

Produktdetaljer

ISBN
9788279592297
Publisert
2015-09-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
251 gr
Høyde
192 mm
Bredde
145 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Engelsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
79

Forfatter
Illustratør