TA KAKA Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. TA KAKA serverer for første gong vestlandskakene på eitt brett. Dette er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. TA KAKA er ei reise i tid og rom: vi ser på utviklinga frå dei første enkle bakverk i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst. Boka er òg ei reise på Vestlandet, frå Egersund i sør til Kristiansund i nord. Kaketradisjonar frå bygd og by er med, ikkje minst frå "kakehovudstaden" Bergen. TA KAKA inneheld kring 200 oppskrifter frå heile Vestlandet og er rikt illustrert. Lat deg inspirere av flotte bilete til spennande kakebakst! Hovudfotograf er Oskar Andersen. Åse Kongsvik (f.1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger, der ho serverer festmat med lokale, økologiske råvarer. Kari Støfringsdal (f.1947) er bondekone i Jølster og har sentrale verv i Norges bygdekvinnelag. Ho er utdanna faglærar i husstell, og held mange kurs og føredrag om mat. Åse og Kari har tidlegare skrive bøkene "Fjordamat - Kokeboka for Sogn og Fjordane" og "Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar", begge Selja Forlag. Heidi Brunstad-Øyehaug (f.1962) er lærar ved Høgskulen i Volda, avd. heimkunnskap. Ho har tidlegare skrive boka "Bakebok for mannfolk - og folk flest".
Les mer
Boka inneheld 200 oppskrifter på kaker frå Vestlandet, alt frå julekaker og formkaker, til rullekaker og fromasjkaker, og er eit forsøk på å vise mangfaldet i vestlandsk kakebakst. Samtidig gir boka ein historisk gjennomgang av vestlandsk bakekultur og baketradisjonar, frå enkle bakverk i mellomalderen, og fram til moderne kaker i vår tid. Har register.
Les mer
"Ta kaka er ei vakker bok som byr på både kunnskap og freistingar av alle baksteslag...Denne må ein berre ha. Gå heim og bak!"

Produktdetaljer

ISBN
9788291722566
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
223

Illustratør