Ny artikkelsamling frå Kjartan Fløgstad! Geværlagførar Kjartan Fløgstad er framleis på utkikkspostane, no som før med kikkert og notatblokk. Der framme, til dømes på opne plassar i Brussel eller i jungelen i Guatemala, ser han alt det vi andre ikkje får med oss, men som han med rette meiner vi treng vite. Skriftarbeid er eit spenstig arkiv frå år med gjennomborande og lystig rapportering frå fortid og samtid. Her er strid om «klassereiser», om Forfatterforeningens snubling i antroposofisk revisjonisme, om den såkalla tyske avnazifiseringa. Vidare om Kierkegaardsvergar på kne, multikulturalisme, konflikten mellom barbari og sivilisasjon, om kunsten som bitcoin for den kreative klassen, kulturborgarskapets universelle fornuft, intuisjon og fotball, konjunktiv og kjærleik i det spanske språket, heimekontorets utsyn mot kulturindustrien, biletkunst og forfattarvener. Og sjølvsagt om Alf Prøysen og Vidar Sandbeck, om songlyrikken på folkemålet, som bind oss saman.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205601987
Publisert
2024
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet

Forfatter