Mange av kulturens og kjærleikens fagraste blomar har vakse fram frå kristen inspirasjon og arv, og gjort oss rikare på ånd og tru og von. Vi kan sjå tilbake i glede over innsikt vi ikkje kunne vore forutan. Men historia til kristendomen er samstundes ei vond historie om maktbruk i Guds namn, om forfølgjing, undertrykking, krigar og imperialisme, og om alliansar mellom blodige herskarar. Tistlar har grodd der krossfararherar har velta fram og meint dei var i Guds ærend. Denne boka handlar om røter, om blomar og tistlar: Om dei gode funna kyrkjehistorikaren gjer og om tårene når kjeldene opnar seg med gru og stikk i sinnet. I denne boka dreg Berge Furre dei lange linene og leitar etter fuglens perspektiv på denne historia. Furre har vona å kunna tenna lesaren til å gå ut i meir skiftande terreng. Kanskje utsynet hans vart noko annleis enn tenkt da forfattaren sat og skreiv på den sørlege halvkula, og fann noko av det som blømde og det som stakk derifrå. Berge Furre er professor i kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. KRL-biblioteket: Dette heftet er en del av KRL-biblioteket, som er et nytt pensumalternativ innenfor KRL-faget. Fagbokforlaget har invitert en rekke ledende fagfolk til å skrive om det fagområdet de har arbeidet mye med. På denne måten formidles de ulike KRL-temaene av personer som kjenner faget og målgruppen godt. KRL-biblioteket er også til stor nytte for både lærere i grunnskolen og andre som interesserer seg for emner innenfor religion, livssyn og filosofi. Fagredaktør for serien er Olav-Kansgar Straum.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245001433
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
229 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
133
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter