Den fjerde boka med minne frå Leiknestangen i Osterfjorden like etter krigen. Denne gonger handlar det om yrke som var og ikkje er, om sentra før og no, om respekt for læraren, om ein advenstur til Bergen og grandonkelen som kom på tur til Noreg sommaren 1948.
Forfattaren minnes små og store dyr frå barndommen , snopet, menneske ho møtte, og har eit attersyn på barndommens fristad: Husdal ovafor Bjørsvik.
Eit lite utdrag frå "Respekt":
-I timane var han leiaren. Det var inkje demokrati og elevmedbestemming, korkje når det galdt metodar eller fagutval. Han fortalde kva me skulle gjera, og me gjorde det. Det var inga klokke som varsla når me skulle ut, så friminutta bestemde han. ( Respekt)
Eit utdrag frå "Ein norskamerikanar vitjar heimlandet:"
- Men når eg les resten av boka hans, slår det meg at det er meir å fortelje, om båtreisa, om turen gjennom USA frå austkyst til vestkyst, og ikkje minst om møte med slektningar undervegs. Det er eit tidsbilete frå ei tid når reiser til gamlelandet var uvanleg. Når eg ser på bileta frå Amerika frå i dag, slår det meg kva klassereise dette var, også i 1948. Frå metropolar i USA, tilbake til røtene, og attende til storbyane i Amerika. Ein mann som er glad over muligheitene han fekk for seg og sine " over there",
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788269107494
Publisert
2020-11-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Accantus
Serie
Vekt
180 gr
Høyde
279 mm
Bredde
215 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
99
Forfatter