Kunstnarane Hilde Hauan Johnsen, Ingrid Aarset og Jon Pettersen undersøker korleis ny teknologi, og nye materialar og verktøy påverkar det tekstile kunstfeltet. Boka er ei forlenging av kunstprosjektet Future Textiles ved Kunsthøgskolen i Bergen. Boka inneheld tre kunstfaglege tekstar. Søren Kjørup, forskingsprofessor ved Kunsthøgskolen i Bergen, skriv om tekstil som fagområde og det kunstnariske utviklingsarbeidet. Bidraget til l Mary-Ann Hansen, leiar for tekstil ved Center for Designforskning i København, tek for seg tekstil og materiale. Til slutt presenterer Charis Gullickson dei tre kunstnarane og verka på utstillinga. Boka inneheld også ein katalog med kunstnarbiografiar. Tech-Stiles er den andre boka i kunstbokserien MYNDIR som er utgitt i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Les mer
Boken har parallell tekst på norsk og engelsk.
Forord av Morten Johan Svendsen, Knut Ljøgodt og Paula Crabtree
Produktdetaljer
ISBN
9788279591856
Publisert
2012-10-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
111