Mange av filmane, seriane, bøkene og skodespela vi elskar, bygger på forteljingar som har blitt formidla i andre format før – dei er det vi kallar adaptasjonar. Ringenes herre er basert på Tolkiens romanar, og Batman-filmane byggjer på teikneseriar. Adaptasjonar er kring oss overalt.
Denne boka gjev ei innføring i analyse, fortolking og vurdering av adaptasjonar. Ho tilbyr ei rekke analyseverktøy og viser korleis vi kan bruke dei. Å studere adaptasjonar av ulike slag er ei populær oppgåve i skulen som kan stimulere elevanes fortolkingskompetanse og kritiske tenking.
Boka er aktuell for lærar- og lektorstudentar i norsk og andre språkfag, og vil òg vere nyttig for studentar i litteratur-, film- og medievitskap.
Per Esben Myren-Svelstad er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU.
Se flere utgitte og planlagte bøker i
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245037470
Publisert
2025
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter