Spring du fela er eit prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones, der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar. Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Den nye poesien har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt tretten songar og ei bok. Bok og musikk Tekstane fortente større plass enn i eit lite CD-cover, så Spring du fela vart til ei bok. Fotograf Ingvil Skeie Ljones har tatt portrett av alle musikarane og forfattarane, og bileta og tekstane gjer kvarandre vakre. Dei nye tekstane står fritt frå sanninga, men er likevel introdusert med ei kort historie om dei som var inspirasjonen. Spring du fela er blitt til ei lita praktbok med cd, designa av Anna Prestsæter frå Lillehammer.
Les mer
Omslagstittel. Innhold: 1 CD. Forord av Sissel Fjeldet

Produktdetaljer

ISBN
7090010521469
Publisert
2015-12-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
ta:lik
Vekt
168 gr
Høyde
200 mm
Bredde
140 mm
Dybde
9 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Heftet
Antall sider
73
Sjanger
Skjønnlitteratur

Redaktør
Illustratør