Tor Eystein Øverås kjente Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011) i nesten tjue år, og var mellom dei få som hadde nær kontakt med henne til ho uventa døydde, 63 år gammal. Bjugn hadde testamentert arkivet og forfattarrettane til Øverås. Med utgangspunkt i brev og intervju med personar som kjente og samarbeidde med henne, teiknar Øverås eit portrett av poeten, barnebokforfattaren, illustratøren og den radikalt religiøse og samfunnsengasjerte S.S. Bjugn. Øverås har også samla dikt, tekstar og illustrasjonar som Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar. Gjennom sitat frå dei mange frodige intervjua ho gav, får vi innblikk i kva ho meinte om nynorsk, gudstru, songlyrikk, politikk, Oslo, Sulis, Bodø og sin eigen og andres litteratur.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195811
Publisert
2018-10-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
550 gr
Høyde
239 mm
Bredde
168 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
255