Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2021-utgåva blir både dei norske lyrikkåra 2019 og 2020 sett under lupa av Ingrid Nielsen og Thorstein Norheim. Kva kjenneteiknar den prisvinnande norske litteraturen, spør Erik Bjerck Hagen? Finlands-svenske Monika Fagerholm vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanen "Hvem dödade Bambi?", og romanen blir analysert i lys av forfattarskapen av Julia Tidigs. Silje Solheim Karlsen og Ruth Seierstad Stokke tek for seg kva som kjenneteiknar samisk lyrikk, og korleis ein kan sikre at norske elevar blir kjende med han, medan Henning Howlid Wærp undersøkjer om det finst samisk sci-fi-litteratur. Årboka inneheld mellom anna også artiklar om nynorsk lyrikk, Torborg Nedreaas' litterære skildringar av tyskarjenter, Jan Kjærstads forfattarskap lesen i lys av Terje Tvedts og Karl Ove Knausgårds kritikk, korleis ein kan undervise i litteratur og samtidig dekkje FNs berekraftmål - og kven er no eigentleg Sølve Solfeng?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234005619
Publisert
2021-09-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
540 gr
Høyde
205 mm
Bredde
128 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
399