Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv Folkedikting er eit samlebegrep for fleire genrar som spring ut av munnleg song- og forteljetradisjon. Sjølve nemninga vart til under romantikken da folkediktinga vart skriven ned, men den munnlege tradisjonen går mykje lenger attende i tida. Boka diskuterer på kva måte folkediktinga knyter seg til litteratur- og kulturhistoria, og gir ein grundig presentasjon av dei viktigaste folkediktingsgenrane. Dessutan analyserer boka ei rad folkediktingstekstar, språkleg og tematisk, med hjelp av aktuelle tilnærmingsmåtar. Lesaren får svar på spørsmål som:
- Kva handlar undereventyret eigentleg om?
- Kva er samanhengen mellom kong Håkon Håkonsson og norsk folkedikting?
- Kvifor finn vi ofte danske ord i norske balladar frå 1800-talet, og norske ord i danske balladar frå 1500-talet?
- Kva meiner Henrik Ibsen med dramatitlar som GENGANGERE og FRUEN FRA HAVET?
Boka vender seg til studentar i norsk (nordisk) ved universitet og høgskolar og norsklærarar på alle nivå i skolen. Studentar i folkloristikk og kulturfag vil også ha nytte av boka, og den vil glede alle lesarar med interesse for folkedikting og kulturhistorie. ]]>
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245607406
Publisert
1999
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm AS
Serie
Vekt
490 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
260
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter