Dette er ein studie av romanar som tematiserer migrasjons- og eksil-erfaringar - kulturmøte, identitetsforhandlingar og tilhøyrsle. Slike tema er sentrale i samtidslitteraturen internasjonalt så vel som i nordisk litteratur i dei siste fire-fem tiåra, samsvarande med dei store samfunnsendringane. Forfattarar av slike narrativar er både migrantar som skriv på eit andrepråk, dei translingvale, og slike som har ein migrantbakgrunn men har vakse opp med språket i det nye landet som førstespråk. Når eg har valt forfattarar frå den første gruppa for å studere migrasjon og litteratur, er det fordi eg er særleg interessert i det translingvale aspektet. Det har også vore viktig med ei samla nordisk ramme fordi vi har ein skandinavisk språkfellesskap, og det blir slik eit manggreina mønster av rørsle over grenser som er så sentralt i denne litteraturen. Eg ser på denne migrasjonslitteraturen som den nordiske delen av ein internasjonal litterær tradisjon, og han må lesast i ein kosmo.polistisk kontekst. Utvalet mitt av tekstar frå før og etter millennieskiftet er gresk-svenske Theodor Kallifatides, tsjekkisk-norske Michael Konupek, iransk-svenske Fateme Behros, chilensk-danske Rubén Palma og russisk-finlandssvenske Zinaida Lindén, eit utval med mange krysningar mellom språk og land.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283900750
Publisert
2022-02-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
349 gr
Høyde
230 mm
Bredde
155 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
189