I løpet av 2023 har den italiensk/danske fotokunstnaren Luca Berti dokumentert menneske og landskap på dei fire øyane vest i havet; Feøy, Røvær, Vibrandsøy og Utsira. Resultatet er ei praktbok med fotografi av Luca Berti i svart-kvitt, og i tillegg ein litterær tekst av den premierte lokale forfattaren Odd Eirik Sætre Færevåg.
Boka vert utgjeven i samband med fotokunstutstillingar i år, i Haugesund billedgalleri og på Mikal Klovning sitt sjøhus på Utsira. Utstillinga i Haugesund billedgalleri opnar fredag 24. mai og vert ståande ut året. Utstillinga på Utsira vert opna laurdag 25. mai og kan sjåast sommaren 2024.
Fotografen Luca Berti (1978-) er opphaveleg frå Firenze i Italia, i dag busett i København. Han har utdanninga si frå Instituto Italiano di Fotografia, Milano (2000-2002) og har tidlegare hatt utstillingar ved bla. Norsk Folkemuseum, Romsdalsmuseet, Gudbrandsdalsmusea mfl.. Kunstnaren samarbeider med mange etnografiske museum i heile Norden.
Les mer
Sammendrag på engelsk
Produktdetaljer
ISBN
9788269368109
Publisert
2024-05-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Haugalandmuseet
Høyde
295 mm
Bredde
315 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
117
Sjanger
Faglitteratur
Kunstner
Contributions by